Kvardagsrehabilitering har fokus på førebyggjande helsearbeid retta mot heimebuande eldre. Fall er ei utfordring for personar i aldersgruppa 75-79 år. Kvardagsrehabilitering og førebyggjande heimebesøk er begge førebyggjande  tenester.

Kommunedelplan for vassmiljø - vassforsyning - avløp (VVA plan) vart vedtatt av kommunestyret 15.02.18

Planen inneheld statusbeskriving for forvaltningsområda vassmiljø, vassforsyning og avløp samt mål, tiltaksanalyse og handlingsprogram for planperioden 2018 - 28.

For nærare informasjon sjå dokumenta her

 

UKM står for Ung Kultur Møtes.

Øystre Slidre var godt representert på UKM laurdag. Juryen hadde ein vanskeleg jobb med å velge ut eit representativt utvalg å sende vidare til fylkesfestivalen. Desse kom vidare frå vår kommune: Sebastian Støle Hansen med film, Bourouts, Ingeborg Onstad, Silje Veltun, Erika Hoffmann. Sjå avisa Valdres for fyldig omtale av UKM.

Øystre Slidre kommune har saman med arkitektfirmaet Vikøren fra Vik i Sogn gjennomført forprosjektet til Øystre Slidre helsetun. I samband med dette er det utarbeidd førebelse teikningar og romprogram som no skal leggast fram i Ad-hoc arbeidsgruppe den 12.02, i eldrerådet den 13.02, og i kommunestyret den 15.02.18.

 

Husbanken har gjeve tilsagn om inntil 91.875.000 kroner i tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar ved Sørre Moen.