På pressekonferanse frå Statsministerens kontor den 12. mars kl 1400 vart det opplyst om strenge restriksjonar for serveringsstader m.v. Sjå meir informasjon her.

Smittevernlegen i Øystre Slidre kommune har med heimel i delegert mynde etter smittevernlova, § 4-1 bokstav a, vedteke at arrangementet NM for junior på ski på Beitostølen 13.-15. mars 2020 skal avlysast.

I Lyst på livet arbeider pensjonister med å fremme eiga helse og livskvalitet gjennom å påvirke vaner og mønstre i kvardagen. Det dreier seg om å bygge bro mellom det ein veit er gode vaner og det ein virkeleg gjer. Ved hjelp av ein enkel metode prøver ein ut forandringer i eige liv og vurderer resultata av desse endringane.

 

 

Foredraget som opprinneleg var satt opp 10.mars er avlyst.

Nytt kurs/foredrag vil bli satt opp til våren.

I samsvar med eigedomsskattelova § 15 blir eigedomsskattelistene for 2020 lagt ut til offentleg gjennomsyn her på heimesida og i resepsjonen på kommunehuset i tre veker frå 1.mars 2020.

Folkehelseinstituttet har no publisert folkehelseprofilen for Øystre Slidre. Temaet for årets profiler er sosialt bærekraftige lokalsamfunn.

Med bakgrunn i situasjonen med Koronavirus, er det i dag fatta vedtak om at alle born i dei kommunale barnehagane i Øystre Slidre skal gjennomgå handvask når dei møter i barnehagen. Dei tilsette i barnehagen vil utføre/rettleie under utføringa av dette.  Auka handhygiene kan bidra til å bremse smittespreiing i samfunnet og verne dei gruppene som er mest sårbare i befolkninga. Ytterlegare tiltak blir vurdert fortløpande.

Smittevernet i Øystre Slidre kommune

 

 

Mange ivrige lesarar i Øystre Slidre! 😊 Statistikken syner at det var fleire besøk og meir utlån på Øystre Slidre folkebibliotek i 2019 enn i 2018. , og det totale utlånet gjekk opp frå 22.421 til 26.373. Totalt utlån av bøker var 21.469, dvs 5.228 bøker meir enn i fjor. Andre media som e-bøker, lydbøker, musikk, tidskrift og filmar vart utlånt 4.904 gonger. 560 bøker vart vidareformidla frå andre bibliotek, særleg til vaksenstudentar, og 787 bøker vart utlånt frå oss til andre bibliotek. Besøket gjekk opp frå 25.693 til 25.743.

Arbeidet med å rekruttere meddommarar for ny periode (2021 - 2024) har starta. Innan 01.juli 2020 skal det veljast meddommarar til tingretten, lagmannsretten, jordskifteretten og skjønnsmedlemmer. Lenke til søknadsskjema finn du nederst i artikkelen.

Øystre Slidre kommune bygger nytt helsetun som skal settast i drift før jul 2020. Helsetunet skal m.a. romme sjukeheim, omsorgsbustader, lokale for heimesjukepleie, dagsenter, produksjonskjøkken, sjukepleieklinikk og kantine. For kommunen er det sentralt å gje tenester i det nye helsetunet som er tilpassa eit topp moderne bygg, der målet er at brukarane av bygget skal stå i sentrum.